Den billigaste maskina, men lita og søt! |
Latte Macchiato! |
Sjølv om eg grein meg til maskina, var det sambo som gjekk amokk blant dei forskjellige sortane kaffi! |
Etter at eg fekk servert ein kaffe hos Silje (gratulerer atter ein gong med prinsessa!!) har eg gått å kjent på lysta etter ei lik maskin sjølv. Då eg til slutt hadde samla opp mange gode argument, fekk eg sambo med på ideen! :) Så langt er maskina flittig i bruk og det er bestilt kapselholdar og fleire sortar kaffi (og iste) på nett! :) Eg syns det er veldi kjekt at ein kan lage både kaffi og iste på maskina!
Eg får av og til tatt nokre gullkorn av Akeela som eg syns vert fantastisk skildrane:
Det er vel ikkje tvil om kven som eig sofaen?? Sjølv om ho "bare" er ein hund har ho eit fantastisk talande kroppsspråk som viser tydeleg når ho føler seg som "kongen på haugen", eller rett og slett er fornærma. Sistnemnde er lett å sjå når ho må gå med kløv og dermed ikkje får springe laus i det heile tatt i løpet av turen. Snakk om furting! ;)
Kan denne maskina få plass i vesko di på måndag når du skal på jobb???
SvarSlettGodt spørsmål Solveig ;-) Trur vi sku hatt ein kvalitetssjekk på den der... ;)
SvarSlettDu veit kor alt sukkeret i Caffe Latte, Caffe Mocca og sånt legg seg søster.....
SvarSlett