Eg har hatt ei virkelig kjekk helg! Var å henta tantebarnet mitt på fredag og me har kost oss masse. Fredagen var me på Gullivers reiser i 3D. Jack Black har hovudrolla og då kan vel dei fleste tenke seg kva sjanger filmen er i? Filmen var artig, og uansett er det kjekt med film i 3D sjølv om historia kanskje er litt "tynn"...
Lørdagen var me utruleg effektive! :) Me gjekk til feto i Handelandsdalen å grilla oss lunsj. Eg fekk fyr på bålet i skikkeleg speidar-stil (med bare litt hjelp av tennbrikkettar og lighter)... Det var skikkeleg kaldt, så me vart ikkje lenge!
Me fekk sjå nokre stilege formasjonar av isen på elva på veien vår. Det såg ut som nokon hadde kosta saman isen og lagt an i ein stor haug...
Då me hadde komt oss heim og fått tint fingrar og tær, brukte me så og sei resten av kvelden på kjøkkenet. Snuppo laga ein bolledeig som ho laga ei kake, skillingsboller (kanel i svingane) og skuleboller av, medan eg laga komla til middag. Deigen ho laga til vart fantastisk bra, og heva seg imponerande!
Eg har aldri laga denne kaka ho mekka i hop, men du heite den var snadder!
Ho tok ei vanleg, rund kakeform og satte kanel i svingane i bunnen av forma. Etter at dei hadde heva ferdig tok ho på ein "dert" vaniljekrem på kvar snurr før ho satte kaka i ovnen.
Kan absolutt anbefalast til kaffien! Advarte snuppo mot at glutenfri deig kunne være ei utfordring, men sluttkommentaren hennas var: Sku detta vera vanskeleg? E den beste deigen eg har jobba med!
I dag har me vore særs spreke, og gått til Husnes i det flotta været. Sidan me var så sporty syns me at me fortente litt kos når me først var ute:
Narvesen har noko for ein kvar smak! :) Me var veldi enige om at nå var det påske der me satt i solveggen med kvart vårt egg... *mmmmm*
Eg håpar de og har hatt ei flott helg! Nå skal resten av dagen nyttast foran tv'en rett og slett!
- Laila -
Har vært flott her også i helga, var på slalom på Strandafjellet i går ilag med ungdommane. Tenkte på verandaen i dag, men der er så mange minusgrader her at eg lot det være med tanken. Du kan å kose deg ser eg :-)
SvarSletttusen takk for pakke i posten! Skal nok finna ein plass til den, ja. Har ein plan om plassering på arbeidsrommet. Må berre rydda litt fyst.
SvarSlettDen glutenfria kako virka fristande å prøva!
marian
Prinsessekake er knallgodt og jeg må innrømme at jeg ikke har smakt det siden før jeg sluttet med gluten......har du oppskrfita?
SvarSlett