søndag 13. februar 2011

Glutenfri mat i Stavanger.

Ei av "sjappene" eg hadde stor tru på, var Ostehuset:


Utruleg flotte og koslege lokaler, og mange spennande produkt!




Eg bestile ein sandwich med ost, skinke, aioli og bacon. Eg hadde store forventningar til at dei skulle ha godt, heimelaga glutenfritt brød, men må sei eg eigentleg vart litt skuffa over heile sandwichen. Pålegget osv var veldig godt, men dei nyttar vanleg, kjedeleg "kjøpebrød".




På kvelden skulle heile gjengen ut å ete middag i lag.Turen gjekk til Sørensen:






Veldig koselege lokaler. Me fann ut at servitøren vår måtte ha ein dårleg kveld, det var ikkje mykje smil og service å spore... Sørensen har ikkje noko stor og omfattande meny, og det verka som dei fleste ikkje var særleg imponert over kvaliteten på maten. Dommen vart grei nok. Eg prøvde meg på ein Chicken Tikka:




På fredagen hadde en nokre timar før båten gjekk heim. Eg nytta anledningen til å ta turen innom ein gresk restaurant for middag.


Restauranten har mange greske spesialitetar på menyen sin. Eg valgte å prøve kleftiko, som er ein lammerett med tomatsaus.




Kjøttet var fantastisk godt, men ikkje heilt det samme som på Kreta. Veldig skuffa over at det var så lite fetaost, det er ein av tinga eg forbinde med gresk mat.




1 kommentar:

  1. Så artig når du legger inn "reportasjer" fra div hotell og restauranter. Er veldig nyttig faktisk, og jeg har merket meg ut et par restauranter jeg IKKE skal gå på :-)Fortsett med dette :-D

    SvarSlett