tirsdag 8. mars 2011

Forseinka fastelaven

Skulle eigentleg lage fastelavensboller til søndagen, men det vart ikkje før i kveld gitt... Brukte oppskrifta på søt gjærdeig, men halverte mengda.


Bollene mine vert alltid litt flate. Kanskje eg lagar dei for store?


Smaken vart i alle fall god! :)

Elles så har eg og Akeela vore på ein forblåst tur opp Onarheimslia i dag.








Det er lite snø igjen nå. Har store planar om å få beskjært frukttrea mine i løpet av veka... :)

- Laila -

1 kommentar:

  1. Lykke te med beskjeringa :-) I år skal eg gjere lite sånt...eg leige jo bare eg!!

    Ha ein strålande dag.

    Eg ligge på sofa med opptak av "Brutte løfter" og ete kakerestar...

    SvarSlett