onsdag 30. mars 2011

Gevinst!

I dag fekk eg gevinsten min frå giveawayen hos Kvardagsgleder!

Å få pakkar er noko av det artigaste eg veit, så eg har gleda meg heilt sidan eg vart trekt ut... :-) Og eg vann:

Duftlys og muffinsformer frå Green gate! Må jo nesten bli baking til helga då!?!?!

Elles i dag har me hatt ein strålandes vårdag som eg har nytta i hagen! Eg har rydda fram jordbæråkeren så den er klar til å produsere mange søte bær! Har og leika dekoratør:


Litt frå eigen hage; selja, jyvel og forsythia. Har og juksa, og hatt i tulipanar frå Rema. ;-) Kryssar fingrane for at noko i vasen vert gult i løpet av dei næraste dagane. :-)


1 kommentar:

  1. Vasen din vil nok bli kul og gul i løpet av helga tenker eg :-)

    SvarSlett