mandag 18. april 2011

Flott dag!!

I dag har det vore strålande sol og nydeleg ver! Eg nytta anledningen og tok turen til Bremstølen.


Det har forsvunne mykje snø sidan førre tur. Det var berre eit par plasser eg måtte trø på snø i dag!


Belønning på toppen er viktig!


Både for to- og firbeinte... At eit tørt bein kan være så spanande...?


Er så kjekt å komme heim til ein liten fargeklatt nett utanfor døra! (Hagen min er svært så grønn og kjedeleg elles...)


Måtte nett kjøpe litt farge til stova og i dag... Duken er strikka av ho mor. Ein av få påskepyntar eg har fann eg ut i går...


Håpar du og har ein aldeles nydeleg dag, og at det fina veret held seg i heile påska!! :D


3 kommentarer:

  1. Hei! Fin side du har fått deg her

    SvarSlett
  2. Såg ut til å vere ein flott tur :-)

    SvarSlett
  3. Takk for det Line. :)

    Turen er skikkeleg flott Siv. Du får hive deg med opp når du e heime i sommar! :)

    SvarSlett