mandag 4. april 2011

Måndagsblues...

I dag har eg og Akeela hatt ein rolig og sløv måndag. Me har ikkje gjort noko særleg fornuftig. :) Eg rydda i bilda på mobilen og fann nokre frå turen me hadde på lørdag. Ein ganske så våt og vindfull dag. Det må være mykje snøsmelting nå, for det var mange nye småbekkar.














Er ikkje alle som lar seg affisere av vind og vatn! Akeela har ærklært badesesongen for open, og var uti alle kulpar og vatnhol på vegen...

Elles så glede eg meg allereie til torsdag, då får eg vaska (og farga) håret!! For dei som nå lure på om eg har ein fast dag i veka til hårvask, så er forklaringa ein frisørtime tidlegare i dag. Eg har teke antipermanent for å få håret stritt medan eg skal spare til lengre hår. Så akkurat nå ser håret mitt noko snodigt ut der det ligg tynt og klistra framover i panna, med flekkvise tilfeller av farge, sånn rundtomkring... Godt eg ikkje har nevneverdig med nevrosar i forhold til håret mitt!! :D

2 kommentarer:

  1. Ha ha , synes eg ser for meg det håret ditt, det var jo ein beskrivende tekst ! Fine bilder du hadde tatt forresten :-)

    SvarSlett
  2. Flotte bilder :-)

    SvarSlett