mandag 18. juli 2011

Bergentur

I helga har eg vore på tur til Bergen. Eg har hatt eit flott vertskap og eg har kost meg masse! Me hadde eit flott vær og kunne starte lørdagen med frukost ute i solskinn.




Lørdagen brukte me inne i Bergen by. Eg er ein dårleg vestlending og har aldri teke Fløyen... Me vurderte det, men fann ut at køen var for lang til at me orka å vente. Me gjekk heller og kikka i butikkar og kronglete gater. Ein eller annan gang komme eg meg nok på Fløyen...




Sku jo på ingen måte shoppe, men når skilta lyset mot meg med "halv pris" blir eg svaaaak... Får ALDRI for mange vesker.... Sant?





Eller toppar??




Pluss et par småting...




Me hadde oss ein pause i shoppinga på Zupperia. Dagens suppe til 59 kr. Billig og grei lunsj. Eg fekk ris til suppa i staden for brød. 




Kveldens middag var "fiskeknytter". Då legg du fisk med diverse grønnsaker og smakstilsetningar (gulrot, løk, krydder, smør, rømme, fløyte) i knytter av aluminiumsfolie. 




La dei ligge på grillen i omtrent 20 minutt. Etter ti minutt begynne det å lukte godt.



Vårt ferdige produkt:




Til dessert grilla me marshmallows. Det smake ikkje godt, bare søtt, men er ein artig ting som høyre til ein grillseanse! 




3 kommentarer:

  1. Åhh!! Zupperia har så god mat :D og den fiskegreio såg snadder ut, óg :)

    SvarSlett
  2. Det var mykje fristande på menyen ja! Me gjor ein liten amatørtabbe med fiskeknyttet... Krydra etter at me hadde lessa alt av grønnsaker osv oppå filetane... Må jo krydre fileten direkte... Men va godt uansett! :-)

    SvarSlett
  3. Frukost ute i solskenet är ju underbart! Och jag håller med man kan aldrig ha för många handväskor :-)

    SvarSlett