onsdag 7. desember 2011

Glutenfritt polarbrød og sirupsnipper!

I dag har eg testa ut glutenfrie polarbrød som eg snubla over i helga då eg var i Bergen. På senteret i Åsane er det ein helsekost som har eit imponerande utval glutenfrie varer! Eg kjøpte med meg ein STOR pose med forskjellig oppi. Blant anna nokre grove baguettar som allereie er oppetne, og som eg ikkje har noko bilde av. Dei var veldig gode... Som sagt så vart  polarbrøda testa i kveld.



Eit ukjent merke for min del, men absolutt til å anbefale! :) Dei skal nett varmast nokre minutt i steikeovnen, eller nokre sekund i mikroen. 



Eg pleier å sverge til brødmaten eg lagar sjølv, men dette kjenner eg vart ei positiv overrasking. Eg er glad eg turde teste desse. 



Eg slo og til og kjøpte denne vetle boksen med sirupssnippar. Kjempegode!! Dei er laga av Gjestalveien Konditori, og er også uten melk. Trur det var dei som hadde laga baguettane og. 






1 kommentar:

  1. Vabiljekjeksene fra de gærne bakerne er kjempegode. Skulle gjerne testa polarbrøda deres.

    SvarSlett