Eg har funne ut at eg vil prøve å holde meg på brødmat utan hvetestivelse. Kjenner at eg er noko skeptisk, då brødet eg lagde i dag ikkje ser ut til å bli like luftig og bra som det vanlege. Kanskje eg må minke mengd mel i forhold til det "vanlege" melet??
Til pølsebrøda har eg brukt ei oppskrift på innbakte pølser.
4 1/2 dl lunka vatn, 1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 100 g smør, 8 1/2 dl mel, 1 toppa ss jyttemel eller rismel og 1 ss sukker.
Smuldre smør i melet og tilsett sukker. Bland gjæren ut i lunka vatn og tilsett fiberhusk. La det svelle i nokre minutt. Bland deigen og hev den i om lag ein time. Del deigen i 10 deler og trill dei ut til fingertjukke pølser som du trykker litt flate. La heve 15-20 minutt. Steik på 225 grader i ca 15 minutt. For ekstra smak og lekker utsjånad: pensle med egg og rull i sesamfrø.
I går var eg for første gang til Varden på Sandvoll. Det var ein sånn dag det bare var kjempetungt å gå! Hadde trudd eg var i litt bedre form, men den gang ei... Eg gløymte såklart å få med meg kameraet, så eg kan dessverre ikkje dele bilde av den flotte utsikta!! Neste gang så skal eg huske å ta med kameraet!
Middagen i dag var skikkeleg "husmannskost". Servelat med potet og kålstuing. Snadder, og ganske så lettvint! Kok potetene og steik servelaten. Skjær opp kålen og kok den nokre minutt. Smelt ein klatt med smør. Rør ut eit par-tre skjeer med lyst mel. Rør inn melk og la det koke opp. Tilsett meir melk (eller vatn) til passeleg konsistens. Ha i salt, pepper, muskatnøtt og litt buljong. Tilsett kålen.
I går fekk eg endeleg testa ut heimelaga smørpopkorn! Då eg var eit semester i USA var dette vanleg på kinoane. Det var til ei viss grad ekkelt då du tappa det over popkornet fra ein kran, men fantastisk godt! Me poppa popkorn på vanleg måte, smelta smør i ein stor kjele, hadde popkornet oppi og blanda godt. Skikkeleg fett og godt!!
I dag måtte eg levere den flotte Huaweien min inn til "reparasjon". Den har nok fått eit lite hint av narkolepsi, plutselig så skrur den seg av og så må eg vekke den til liv igjen!!!! Det er litt slitsomt å ha ein partner med narkolepsi, så eg håper å få vennen min igjen "fit for fight"! Det kan visstnok ta opp til tre veker, så medan eg ventar i spenning har eg fått ein ny venn til låns. Kjenner meg litt ambivalent i forhold til den. Han kan ringe og sende sms, men ikkje så himla mykje meir! Har fått æren av å få låne ein Nokia 1616!!!
Det er faktisk ikkje kamera ein gang! Eg skal fint overleve å havne i steinalderen igjen, men det som irriterer meg er at eg har mista alle kontaktane mine! Dei var tydelegvis lagra i telefonminnet, ikkje på sim - kortet. Er ein fantastisk brukarvennleg detalj når det ikkje går an å kopiere frå telefonminnet til sim - kortet!!! *snøft*
Det har vore lite blogging siste veka. I helga har det vore "maraton" med jobbing lørdag og søndag, og 40 - års feiring på lørdagskveld. Kjenner at eg begynne å bli for gammal til sånt, var tungt på jobb i dag ja! Feiringa var svært så kjekk, med ei salig røre av naboar, venner og slekt til både søster og svoger! Me hadde to av nevøane mine som DJ-ar, og dei klarte jobben med glans. Søster mi hadde satt saman eit fantastisk koldtbord, med alt mogleg frå kylling, til laks til spekemat. Det var bare brødet og ein pastasalat eg ikkje kunne ete ut av all maten!
Har innsett at det ikkje er lenge igjen til jul. I alle fall ikkje mange lønningar til å handle pakkar for.... I fjor strikka eg nokre av julekulene til Arne og Carlos.
Har funne fram oppskriftene igjen. Kanskje det vert nokre pakkar i år og? Eller kanskje det blir pynt til stova mi??
Eg har tidlegare syns det er amerikansk pizza med tjukk botn som er den beste, men har nå innsett at italiensk pizza og kan ha sine gode sider. :) Eg fann ei oppskrift som eg trur kan være svært god. Eg har prøvd den to ganger, og innser at den må nok kjevlast svært så tynn for at den skal bli sprø.
300 g mjøl, 2 dl vatn, 1 ss olje, 1 klype salt og 1/2 pk gjær. Løys gjæren ut i vatnet. Bland alt saman til ein jamn deig. Kjevle den ut på steikeplate med ein gang, ca 2 mm tjukk. Dekk med plastfilm og la heve i 40 minutt. Ta på ønska fyll og steik på nederste rille i 10 - 12 minutt på 250 grader.
Oppskrifta fann eg på bloggen til bakeleder til NCF Hordaland. Bloggen hans finn du her: Intoleranse.