søndag 8. februar 2015

Glutenfri matmuffins

Eg har prøvd litt forskjellige oppskrifter på matmuffins, men kjenner at det vert ikkje nokon innertiar for min del. Smaken er god, men det er noko med konsistensen som vert feil. Sikkert det at det heiter muffins, men har ein heilt annan konsistens enn vanlege kakemuffins... ;)

Oppskrifta er som følger: 2 dl havremel (kjør glutenfri havre i stavmiksar), 2 dl glutenfritt mel, 2 ts bakepulver, 1/2 ts salt, 2 ts pizzakrydder, 2 egg, 200 gr gresk matyoghurt, 2 dl melk og 30 gr smelta smør.

Bland dei tørre ingrediensane for seg, og dei "våte" for seg. Bland dei deretter saman. Vend inn ønska fyll. Eg syns røra verka svært tynn når eg blanda ho saman, men det kom seg medan eg laga fyllet. Eg brukte spinat, bogskinke og fetaost. Freste 200 gr spinat og lot kjøle seg ned. Freste og 200 gr bogskinke og lot kjøle seg ned. Blanda spinat og bogskinke med 100 gr fetaost.


Tok røra over i store muffinsformer. Eg fekk 10 stykk. Steik midt i ovnen i 20-30 minutt på 200 grader.


Smaken vart som sagt svært god, og kan såleis anbefalast!



søndag 9. november 2014

Bananlappar og enchiladas

Eg har ein gut som slettes ikkje er vanskeleg i matvegen, men han har faktisk nokre favorittar og den eine er bananlappar. Det høyrdes eigentleg litt småleg ekkelt ut syns eg, men tenkte eg skulle gje det eit forsøk sidan det var ei lettvint og sunn røre. Du tar ei banan, to egg og ein "dæsj" (1/2 - 1 dl) havregryn og kjør det med ein miksmaster. 


Eg lot røra stå nokre minutt før eg steikte dei på steikepanna med litt smør. Eg fann fort ut at det var ein fordel å steike lappane ganske små, elles så bare knakk dei over steikespaden. Me åt dei bare "naturell", men dei er nok gode med syltetøy på og. Det skal eigentleg være litt sukker i oppskrifta, men det droppa eg og dei var absolutt søte nok utan. 


Ein stor favoritt for min del er når sambuaren min lagar enchiladas. Då fresar han først løk og kvitløk og legg den vekk. Steikar så opp kyllingen og tilsett løken igjen saman med eit beger creme fraiche, ei ts karri og ei til to ts sambal oelek. La det putre i nokon minuttar. Varmar wraps i om lag 30 sekund før ein legg i fyll og brettar den saman. Gratiner med ost i steikeomnen ved 200 grader til osten har fått ein fin og gyllen farge. Server med ris og gjerne ein salat til. 


Snadder!! :)

søndag 13. juli 2014

Glutenfri wrap


Eit produkt som eg er svært glad for at vart lansert i vår, er Scär sin nye wrap. Dei hadde før eit produkt som likna som heiter Piadina. Piadina likna på ein wrap, men mangla eigenskapar i høve det å kunne brettas på vetig vis. Eg syns den var litt tjukk, samtidig som den var svært vanskeleg å få bretta på ein ok måte utan at den berre knakk i alle endar og baugar. Den nye ser sånn ut:


Den går greitt å brette utan å varma, men er absolutt enklast å brette til dersom den får nokre sekund i mikroen. Eg pleier å gje den 20 sekund på full effekt. Ha på det du måtte ønske, eller har i hus...


Brett til og nyt! :) Eventuelt pakk inn i aluminiumsfolie og ta med som niste. Funker fint. :)



Håpar du og har ein fin sommardag! :)

fredag 16. mai 2014

Glutenfri middagspai

For ei tid tilbake laga eg middagspai for første gang. Eg googla litt rundt etter oppskrifter på botn og fyll, og resultatet vart svært godt.

Oppskift på botnen er som følger: 75 gr smør, 180 gr mjøl, 0,5 ts salt, 3/4 dl cottage cheese, 1/4 dl rømme/kesam/kremost og 1-2 ss vatn.

Bland smør, mjøl og salt. Kna det til ei smuldrete blanding. Tilsett så resten og jobb det til ei jamn blanding med ei sleiv. Bruk hendene og trykk deigen ut i ei passande form, f.eks ei paiform på ca 24/26 cm i diameter. Prikk deigen med ein gaffel og steik på midterste rille i 10 min på 220 grader.




Til fyll kan du nytte det du likar, eller det du har i hus. Eg steikte lauk og kvitlauk, og tilsatte så kjøttdeigen. Hadde i litt tacokrydder. Steikte broccolien litt for seg sjølv. Blanda kjøttdeigen, broccoli, sukkererter og mais, tilsatte ein boks creme fraiche og gav eit kjapt oppkok. Ta fyllet oppå paibotnen.




Ost på toppen og steik i ca 30 min på 200 grader til osten vert gyllen.




Til å være første forsøk på middagspai så syns eg den var svært så vellukka. :) Server med salat og baguettar til.

Ha ein fin dag!

fredag 7. mars 2014

Osteiskake

Til valentines (er litt sein av meg til å få blogginnlegga ut...) fekk min kjære ei osteiskake. Oppskrifta har eg fått av ei venninne som anbefala den på det varmaste. 


Oppskrifta er som følgjer: 200 gr philadelphia, 3 eggeplommer, 2 dl sukker, 3 dl kremfløte, 1 ts vaniljesukker og digestive kjeks. I originaloppskrifta er det nytta 8-10 vanlege digestive kjeks. Eg valte å lage botnen med glutenfrie "oreo-kjeks", så eg veit ikkje kor mange glutenfrie digestive kjeks det vil tilsvare. Eg brukte ein pakke med glutenfrie "oreo-kjeks". 

Smør ei 24/26 form (som de ser nytta eg ei hjarteform). Knus nesten alle kjeksa og ha i botnen av forma (eg hadde dei i ein liten plastpose og knuste dei med botnen på eit glas). Pisk saman ost, eggeplomme, sukker og vaniljesukker. Pisk kremfløyten stiv og bland den forsiktig saman med ostekremen. Hell røra forsiktig over kjeksa. Knus nokre kjeks (bare knekk dei mellom fingrane, mine vart for fint most) og strø på toppen. Eg pynta i tillegg med melkehjarter, men det er ikkje å anbefala. Når dei har vore frosne mistar dei omtrent all smak. Sett kaka i frysen i 8-10 timar. Kaka bør takast ut av frysen omlag ein halv time før servering. 

Kaka var god på smak, men eg må nok prøve å lage den med digestive kjeks for å sjå korleis den eigentleg skal være. :) Eg vil nok og smelte smør og blande i lag med kjeksa neste gong, då botnen vart svært smuldrete.