torsdag 18. mars 2010

Baconsurra kylling fylt med smøreost

Dette er ein av mine favorittmiddagar!




1 kyllingfilet per person, strimla bacon, Tine smøreost m/urter eller kvitløk...

Lag eit snitt i kyllingfileen og legg smøreost inni. Snurr bacon rundt. Pass på at endane kjem på "topp eller bunn" av fileen. Fres i ei varm panne slik at baconet vert godt steikt. Legg gjerne fileen på høgkant slik at alt baconet vert steikt. Skru ned varmen og la dei godgjere seg nokre minutt på kvar side.

Server med saus (bretagne kyllingsaus f.eks.), ris og salat eller grønnsaker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar