Ei veldig god kake. I Prinsippet enkel å lage, men en må være nøye på framgangsmåte eller så dett den heilt saman....
Botn: 4 egg, 270 g sukker, 100 g smør, 200 g mel, 3 ts bakepulver, 5 ss melk.
Topping: 100 g grovhakka mandlar, 100 g sukker, 100 g smør, 2 ss fløyte.
Pisk egg og sukker godt. Smelt smøret, avkjøl og ha det i eggedosisen vekselvis med melk, sikta mel og bakepulver. Rør deigen forsiktig saman og hell den i godt smurt rund form, 24 cm. Steik kaka ved 180 grader i 30 minutt.
Lag glasuren i mellomtida. Gje mandlar, sukker, fløyte og smør eit oppkok. Etter dei 30 minuttane tar du kaka ut av ovnen og tek på toppinga (begynn å hell på frå kantane og innover mot midten). Set kaka inn igjen og steik vidare til overflata vert gyllenbrun, ca 10 minutt.
Tar smaksprøve av denna og eg! Huska mamma alltid bakte sånn kaka då eg var sånn 12-13 år. Kunne eta da te frukost, eg...
SvarSlettHehehe... E ei kjempegod kaka ja! Begynne å bli nokon som du bestille smakebit av nå... Må balansere dei med meg på kontoret... :)
SvarSlett