mandag 22. mars 2010

Toscakake

Ei veldig god kake. I Prinsippet enkel å lage, men en må være nøye på framgangsmåte eller så dett den heilt saman....



Botn: 4 egg, 270 g sukker, 100 g smør, 200 g mel, 3 ts bakepulver, 5 ss melk.
Topping: 100 g grovhakka mandlar, 100 g sukker, 100 g smør, 2 ss fløyte.

Pisk egg og sukker godt. Smelt smøret, avkjøl og ha det i eggedosisen vekselvis med melk, sikta mel og bakepulver. Rør deigen forsiktig saman og hell den i godt smurt rund form, 24 cm. Steik kaka ved 180 grader i 30 minutt.

Lag glasuren i mellomtida. Gje mandlar, sukker, fløyte og smør eit oppkok. Etter dei 30 minuttane tar du kaka ut av ovnen og tek på toppinga (begynn å hell på frå kantane og innover mot midten). Set kaka inn igjen og steik vidare til overflata vert gyllenbrun, ca 10 minutt.

2 kommentarer:

  1. Tar smaksprøve av denna og eg! Huska mamma alltid bakte sånn kaka då eg var sånn 12-13 år. Kunne eta da te frukost, eg...

    SvarSlett
  2. Hehehe... E ei kjempegod kaka ja! Begynne å bli nokon som du bestille smakebit av nå... Må balansere dei med meg på kontoret... :)

    SvarSlett