søndag 14. mars 2010

Knekkebrød

Dette blir veldig gode knekkebrød. I originaloppskrifta skal det være både havrekli, kruskakli og havre. Eg har bytta ut nokre ting og tilsatt andre.  :)


4 dl glutenfritt mel (helst grovt), 4 dl hirseflarn, 2 dl solsikkekjerner, 1 dl sesamfrø, 1 dl linfrø, 2 ts salt og 7 dl vatn.

Bland alt og la det svelle i ca. 15 minutt. Fordel ut på to langpanner (bruk bakepapir). Del inn i passe store ruter med f.eks. pizzahjul. Steik på varmluft 180 grader i ca 45 minutt. Opne ovnen og slepp ut fuktigheit, ca. kvar 15 minutt. Set ovnen på 100 grader og la "tørke" i ca. 20 minutt. Dersom dei framleis er "blaute" kan du tørke dei lenger. Det er lurt å knekke av kantane, då dei gjerne er tynnare enn resten.

Dette var mitt første forsøk på denne oppskrifta. Eg brukte litt forskjellig mel, både toro grov, rismel og bokhvete. Sidan det skulle være så mykje kli, bytta eg ein dl med mel mot ein dl sukkerroefiber.
Resultatet blei som sagt veldig godt og ein god del billigare enn dei ferdige knekkebrøda. Bør gjerne oppbevarast i kakeboksar, ikkje tette plastboksar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar