fredag 30. august 2013

Bloggtørke

Det har vore litt bloggtørke nå siste tida. Det har mykje å gjere med ein liten krabat som nå er komen til verda. 27 juli vart eg mamma til ein flott gut med vitale mål på 3780 g og 50 cm. Eg reknar med at dette nok vil vise igjen, anten på blogginnlegga eller i mangel på innlegg. :) Eg har ingen plan per i dag om å bli ein "mammabloggar" som legg ut ein masse bilder av babyen sin, men eg må nesten legge ut eit bilete av den nye verdensborgaren.  Her er han avbilda nokre veker gammal i vogga eg har fått låne av søstera mi. Vogga er laga av svogeren min av eit gammalt tuntre som stod på gården eg er vaksen opp på. 


Me har motteke mange flotte gåver til guten vår, men me fekk blant anna ei bleiekake som var utruleg flott. Den inneholdt masse bleier, ein drakt og ei kjempesøt jakke. 


Det vert litt andre ting som kjem på handlelista når ein har fått seg ein ny verdensborgar. Blant anna ein moby wrap til urolege sjeler sånn at mammo kan få hendene fri til å gjere fornuftige ting. 


For dei som ikkje er inne på sånt, så er ein moby wrap eit bæresjal. Mange meter med tøy som du knyt mimien fast i. Trur kanskje eg har funne ut korleis det skal knytast nå sånn at han heng fast. :) Me har kjøpt ein einsfarga moby og fått brodert på eiga skrift. :) 


Så er det bare å håpe at mimien finn ut at det er gøy å sove lenge om natta, så vert det kanskje fleire innlegg framover. :) 


lørdag 13. juli 2013

Gode glutenfrie boller

Eg har testa ut ei oppskrift på boller som mor mi fann ein gong i tida i eit vekeblad. Dei var der kalla luksusboller/fastelavensboller. Eg har brukt oppskrifta til både skulebrød og pizzasnurrar. Til pizzasnurrane bytta eg ut halvparten av mjølet med grovt mjøl. :)

125 gr smør eller margarin
5 dl mjølk
100 gr melis
1 pk gjær (eg har nytta tørrgjær)
1-2 ss fiberhusk (eg nytta pofiber i staden)
2 egg
ca 500 gr lyst mjøl (eg nytta semper)
ca 200 gr jyttemjøl
Kardemomme/pizzakrydder
(jyttemjøl til utbaking)

Kok opp smør, melis og mjølk. Avkjøl blandinga til fingervarmt. Sidan eg nytta tørrgjær blanda eg alt det tørre i kjøkkenmaskina og tilsette det våte. Dersom du skal lage skulebrød kan du godt tilsette kardemomme, men dersom du skal lage pizzasnurrar kan du godt ha litt pizzakrydder i deigen. La deigen heve på ein lun plass i omlag 40 minutt. 

Dersom du skal lage skulebrød lagar du boller som du set til heving i 20-30 minutt. Pensle bollane med egg. Lag groper i bollene som du fyller med vaniljekrem. Dersom du skal lage pizzasnurrar deler du deigen i to emner som du kjevler ut til rektangel. Fyll dei med det du ønskjer og trill dei saman. Eg fylte mine med pesto, skinke og ost. Skjær pølsene opp i passande bitar som du set til heving i omlag 20-30 minutt. Steikast i omlag 15-20 minutt på  220 grader. 


Eg gløymde å ta bilde av dei bollane eg lagde til med melis og kokos (dei gjekk litt fort ned kan du sei). Både eg og sambuar (som ikkje har cøliaki) syns bollene var veldig gode. Eit par boller vart liggande oppe, men ikkje ete før eit par dagar etterpå. Eg syns desse og var ganske saftige til å være glutenfrie, men då var ikkje sambuar lenger einig med meg. :)

Pizzasnurrane vart og veldig gode!  



tirsdag 9. juli 2013

Skudefestivalen 2013

I helga var eg, min bedre halvdel, kulen og hunden på Skudefestivalen i Skudeneshavn på Karmøy. I år hadde festivalen 20-års jubileum og hadde mange konsertar og artistar. Blant anna var Erik og Kriss, Kurt Nilsen, Temet Nosce og Bjørn Berge tilstade. Eg har fått forklart at Bjørn Berge er eit stort namn innan blues, men ikkje ein eg kjenner til. Einaste me var på var Pakkers på laurdagen. Det skulle være irsk på norsk, men det vart ikkje heilt den store innartiaren for min del. Dei var flinke, for all del, men det vart ikkje det eg tenkjer på som irsk musikk. 

Skudefestivalen er ein kosleg festival i ein flott "gammal" by. Dersom du er heldig og får sol og fint vær (noko me hadde), er det så absolutt verdt turen! Det er mange flotte gamle hus, og mange små smau å tusle inn i. I festival helga er det maaaange små kafear og galleri å tusle inn i. 

Me hadde for anledninga leigd oss hytte på campinga rett før Skudeneshavn, Skudenes camping. Hadde liksom ikkje heilt lyst å ligge i telt når eg hadde tre veker igjen til termin. :) Hytta var eigentleg overraskande stor og greitt utstyrt i forhold til kva eg forventa. Det var eit ganske greitt stort inngangsparti, der det var eit par stolar. 


Nett på oppsida av hytta var det og tillaga eit fint uteområde, som nok sikkert er eit fellsområde for hyttene. 


Før ein kom inn i hytta var det og eit påbygg som vart ein slags vinterhage der det og var stolar og bord. 


Hytta elles besto av eit rom som var stove med kjøkkendel, eit soverom og eit bad. Sofaen var temmeleg så elendeg, godt utslitt i putene. :)


Eit kjøkkenbord med stolar til.


Kjøkken med ganske så ny induksjonskomfyr og steikeomn. 


Familiekøyseng på soverommet.


Lite, men heilt greitt bad.


Hytta var som sagt heilt grei, men me måtte ut med 430 kr i utvask. Det var ikkje valfritt, noko eg aldri har opplevd før. Ved leige av hytter har me alltid vaska ut sjølv. Det kan være greitt å ha i bakhovudet at dette kjem i tillegg til prisen på hytta ein leiger. 

I høve glutenfri mat på Skudefestivalen så var det ganske så greitt. Det er mange forskjellige boder som sel mat, i tillegg til faste restaurantar. Me åt middag på Smiå eine dagen. Der hadde dei ein biffsnadder med heimelaga, glutenfri bernaisesaus. Andre dagen var me i ei bod der dei selde bakt potet. Dei andre bodene som selde mat var eg ikkje og sjekka. I tillegg var Widvey´s Cupcakes med ei bod der. Dei hadde glutenfrie makroner og fudge. Dei kunne og lage glutenfrie cupcakes, men på bestilling. 

I sentrum av Skudeneshavn ligg det ein Coop butikk som hadde eit ganske så bra utval av glutenfrie varer. Det var alt frå knekkebrød til vakumpakka brød, samt glutenfrie ostesnitzlar og nuggets. 


fredag 28. juni 2013

Permisjon

Då har eg hatt min siste arbeidsdag på om lag eit år. Blir snodig å gå heime, i alle fall dagane/vekene nå fram til knøtt finn det for godt å komma ut. :) Det vert og litt snodig å ikkje delta på dei til tider svært så useriøse lunsjane våre på jobb på lenge igjen. Eg har nokre kjekke og dyktige kollegaer, og må nok særleg dra fram ho som har strikka bukse og sokkar til knøttet. Tusen takk atter ein gong Bente! :) Må forresten innrømme at både eg og min bedre halvdel syns kanina på sokkane ser ut som dragar, så det vert nok kanindrage! ;) 



Min bedre halvdel har heldigvis sørga for at eg har noko å halde meg oppteken med, siste boka til Jo Nesbø. Har ein mistanke om at det er ein baktanke, som f.eks. til å få meg til å halde munn for ei stund... ;)



For å gjere starten på permisjonen endå betre, fekk eg i dag pakke i posten! Den ser noko grå og kjedeleg ut...


Men inni er det ein liten artig sak, nemleg eit babynest!! Det er kjøpt via ei dame som har ei side på Facebook som heiter babylatter. Med denne så kan knøtt ligge litt meir stabilt og trygt i sofa eller seng, samt ha den som eit godt lite "nest" oppi vogna si. Det er med knyting i enden som gjer at den kan tilpassast og nyttast sjølv om knøtt veks til. :) 


Gledar meg til å få teste denne med knøttet!!

Ha ein fin kveld! :)

torsdag 27. juni 2013

Glutenfri Oreo ostekake

I går sto eg i opptil lange tider på kjøkkenet (kjennes svæææært lenge ut nå som eg er tre veker frå termin) og lagde kaka. Eg har ikkje smaka "vanleg" oreokake pga cøliakien, og fann ut eg ville prøve å lage noko liknande. Min bedre halvdel hadde eit ynskje om ostekake, og eg fann ei oppskrift på Oreo ostekake. Eg har ikkje laga så mange ostekaker, men har aldri før vore borti ei som skal steikast og har eit lokk av rømme på toppen!!




Oppskrifta fann eg på detsoteliv.no:

Bunn:
25 stk Oreokjeks (eg brukte 27 Glutano Chocolate O`s) 

Fyll:
800 g Philadelfia kremost
3 dl sukker
2 ss Toro lys kakemiks
4 store egg
3 store eggeplommer
2,5 dl kremfløte
1 ts vaniljeessens (eg brukte vaniljesukker)
15 stk Oreokjeks (eg brukte 17 Glutano Chocolate O`s)

Topping:
5 dl seterrømme (eg brukte laktosefri rømme)
0,75 dl sukker

Framgangsmåte:
Ha Oreokjeks i en food processor saman med mjukt smør. Kjør på full hastighet til ei jamn masse. Trykk kjeksmassen i botnen på ei rund form (26 cm i diameter). Sett i kjøleskapet i 30 min. Sett ovnen på 220°C.

Pisk saman kremost og sukker til blandinga vert lett og kremete (tar ca 3 minutter). Bland inn melet. Pisk så inn dei heile egga, eit om gangen, og deretter eggeplommene, kremfløten og vaniljeessens.

Hell halvparten av ostemassen i forma. Steik kaka midt i ovnen ved 220°C i 15 min. Det skal da ha danna seg ei lita hinne på toppen av kaka.

Ta kaka ut av ovnen og dryss over grovt hakka Oreokjeks. Hell forsiktig over resten av ostemassen. Steik kaka vidare midt i ovnen ved 220°C i 15 min til. Skru så varmen på ovnen ned til 100°C og flytt kaka til nederste rille. Steik kaka vidare i 50 min til.

Ta kaka ut av ovnen og avkjøl ei stund i forma. Skru varmen på ovnen opp igjen til 175°C. Rør saman seterrømme og sukkeret. Fordel dette på toppen av den noko avkjølte kaka. Steik kaka vidare midt i ovnen ved 175°C i ca 7 min.

Ta kaka ut av ovnen og la den avkjøle heilt i forma i romtemperatur. Sett kaka så (fortsatt i forma) i kjøleskapet og la den stå der til dagen etter. Kaka skal då ha stivna og kjennes fast. Løsne kakeringen forsiktig før servering.


Eg konkluderte med at kaka var god, men ikkje verdt jobben med å lage ho. :)

- Posted using BlogPress from my iPad